Viktig bok om nærmiljøpedagogikk.

Tillitsvalde i LUFS har skrivi fleire av artiklane. Kristoffer Melheim, høgskulelektor og pedagogisk rådgjevar i LUFS, har vore redaktør.

PRESSEMELDING:

AKTUELL BOK OM NÆRMILJØSKULEN

 
I boka Nærmiljøpedagogikk vert nye forskingsresultat og dokumentasjon om nærmiljøskulen presentert. Fleire og fleire bygdesamfunn vert fråtekne det grunnleggjande velferdsgodet som grunnskule på heimplassen er. Boka legg fram sterke indikasjonar på at elevane i skular som lever i uvisse og på nåde frå år til år, ikkje får eit kvalitativt tilfredsstillande tilbod.
 
Boka dokumenterer også at skulesentralisering med lang reiseveg påtvingar barn ei passivisering med risiko for dårleg helse og er i strid med skulens formålsparagraf om å fremje helse. Ein nærmiljøskule med trygge gang- og sykkelvegar mellom bustad og skule vil kunne bidra til auka aktivitet, trivsel og helse hjå barn, ungdom og vaksne. Dette er eit viktig perspektiv for nærmiljøskulane og er ikkje tidlegare presentert i pedagogisk litteratur
 
Boka er eit viktig bidrag i debatten om nærmiljøskulen
 
Lansering av boka tysdag 26.05 kl.14:00 Avdeling for lærarutdanning på Campus Fosshaugane, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Fleire av artikkelforfattarane vil vere til stades.
 
 
Meir om boka:
Kristoffer Melheim (red.):
Nærmiljøpedagogikk
 
Nærmiljøpedagogikk belyser på ulike måtar korleis skolen kan bruke nærmiljøet i undervisninga, samhandle med andre aktørar og bidra aktivt til utvikling av heimstaden. Boka gir eit allsidig bilete av nærmiljøskolen som ein framtidsretta og utviklingsorientert skole. Målgruppa er studentar i allmennlærarutdanninga, lærarar og rektorar i fådelt skole, foreldre og andre med interesse for skolen.
 
Kristoffer Melheim er førstelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og pedagogisk rådgjevar i LUFS, Landslaget for nærmiljøskolen.

 
For meir informasjon:
Karin Helgøy
Informasjonsansvarleg
Det Norske Samlaget
97 01 98 65
22 70 78 97 (direkte)
www.samlaget.no

(Boka vil også bli lansert på Lismarka skule 25. mai . Fleire av forfattarane vil vere til stades her og, - bl.a.  leiar i LUFS: Brite Kandal, leiar i pedagogisk utval: Randi Sætherstuen og Sigrun Skare som er foreldrerepresentant.  Red. mrk.)

Bla i boka med denne lenkja. 

Bidragsytere frå LUFS