Høgskulen i Nesna haustar mykje ros for ei fagleg solid samling om temaet skulenedlegging. "Vi kjem heim att med større innsikt og kraft til å utvikle nærmiljøskulen vår vidare", seier lærarane Paul Sollid og Marita Wahl frå Vikna (biletet).
SMÅ SKULAR ER GODE SKULAR
Dei to lærarane ved Austafjord oppvekstsenter var mellom dei vel 100 deltakarane på samlinga 3. mars. Som so mange andre, merkar dei at presset mot mindre skular i distriktet aukar, trass i velutdanna personale. Det meiner dei er urimeleg.
Under tittelen "Skolenedlegging: I skjeringspunktet mellom kvalitet og politikk" serverte HiNe oss ein særs rikhaldig meny. Møtelyden fekk ei brei og djuptpløyande innføring i forsking som er gjort. Særleg gjeld det resultata frå prosjektet "Skole og oppvekst i område med spreitt busetnad". Med professorane Karl Jan Solstad og Rune Kvalsund i brodden, presenterte forskarane Anita Berg Olsen, Jan Birger Johansen, Hanne Davidsen, Hallstein Hegerholm og Nils Ole Nilsen særs tankevekkjande funn og synspunkt.
Solstad oppsummerte det heile med å seie: "Det finnest ikkje forskingsmessig grunnlag for annan konklusjon enn denne: Dei små skulane er i gjennomsnitt verken betre eller dårlegare enn større skolar når det gjeld å fremje skolefagleg læring." Og Kvalsund fylgde opp: "Men dei har dessutan fleire andre kvalitetar, som gjev at elevane får tru på at dei kan greie noko."
Stig Ivan Nygård og Knut Lyng Hansen, gav møtelyden nyttig innføring i emnet "Skoleskyss i eit folkehelseperspektiv". Via fjernsynsskjermen avslutta Inger Birkeland (Høgskulen i Telemark) med viktige tankar kring temaet "Bygdeutvikling eller bygdeavvikling: Har skolen ei rolle?"
Konferansen vart avrunda med ein "holmgang" mellom ordførar Bjørgen (Lom) og kommunalsjef Skjølberg (Bremanger) under overskrifta "Mellom barken og veden: Konflikt og dilemma i kommune-Noreg". Der vart det dokumentert at kommunane har lite nytte av å leggje ned skular. Då sender ein berre rekninga vidare til andre. Samfunnsøkonomisk er skulesentralisering eit stort tapsprosjekt.
For eigen del må vi leggje til: Direktør Skarheim (Utdanningsdirektoratet) unnslår seg ikkje frå å stå fram i pressa og andre fora med useriøse åtak på mindre skular og kommunar. Utan at politisk leiing i departementet grip inn. Då er det desto meir avslørande at det nasjonale styringsverket og sentrale politikarar glimrar med sitt fråvere under ein so viktige konferanse. For kanskje dei ville hatt eitt og anna å lære her i Nesna? Godt då at det kom eitt heiderleg unntak til samlinga: Mette Hanekamhaug, som representerer Framstegspartiet i skulekomiteen på Stortinget.
Torodd Fagerheim
rådgjevar i LUFS